Folkefest på Såto Opp

Marita Bakke • September 17, 2025

Såto Opp 2025 - for ein folkefest!

Arkivfoto

I samarbeid med Venelaget Tysnessåto og Tysnesfest, inviterte me i sommar til Såto Opp 2025 - eit trappeløp til toppen av Tysnessåto, etterfulgt av ein unik konsert med Jo Nesbø og Lars Jones på fjelltoppen! Nyvinningen blei ein kjempesuksess med over 300 påmeldte i motbakkeløpet, langt over kva me kunne forvente, samt 1200 turgåarar totalt på konserten på toppen - tusen takk til alle som tok del i folkefesten!


Tusen takk

Tusen takk til Venelaget Tysnessåto og Tysnesfest for godt samarbeid!

Tusen takk til næringslivet, med Tysnes Kraftlag og Sparebanken Norge i spissen, som støtta arrangementet, og gjorde det heile mogleg (fullstendig liste over sponsorer og samarbeidspartnarar lenger ned i saken).

Tusen takk til alle frivillige, som både sto vakt langs løypa, på toppen, som parkeringsvaktar, og ellers bidrog til ein smidig og trygg gjennomføring!

Tusen takk til Myrdal Gård for lån av parkeringsplass.

Tusen takk til speakarane Lars Petter Epland, Nils Kåre Kleppe og Anders Dalland som var med å skape stemingsfull ramme på arrangementet!

Tusen takk til Røde Kors!

Tusen takk til alle løps-deltakarar som imponerte opp den bratte stigninga, gratulerer til alle vinnarane og til alle som kom seg i mål! Tristan Kahrs Gulbrandsen sprang raskast av samtlige med imponerande 19.15 min frå start til mål.


78 deltok i konkurranseløp, fordelt mellom klassane, medan godt over 200 deltok i mosjonist/familieklassen - heilt rått!

Tusen takk til Os Friidrett for lån av profesjonelt titakingsutstyr!


Her er dei raskaste opp Såto i 2025:

1-3.plass i konkurranseklassane blei tildelt pokal i premieutdeling på toppen, samt vinnarane i kvar klasse fekk gåvekort på smakfull middag hos Mandelhuset og lokal ost frå Myrdal Gård!


Ungdomsklasse for gutar 12-15 år:

  1. Julian Kahrs Gulbrandsen med tida 22:05 min
  2. Selmer Kripaitis-Nordbustad
  3. Lukas Aleksander Nesse


Ungdomsklasse for jenter 12-15 år:

  1. Ingrid Omenaas Flaageng med tida 38:41 min
  2. Astrid Aamodt


Kvinner 16-39 år:

  1. Guro Grenan-Grimstad med tida 25:34 min
  2. Hanne Sæle
  3. Stine Hatteberg


Kvinner 40+:

  1. Randi Sølvik med tida 31:15 min
  2. Ingeborg Sunde Møvik
  3. Hege Sande


Menn 16-39 år:

  1. Tristan Kahrs Gulbrandsen med tida 19:15 min.
  2. Jørgen Møklebust Austvik
  3. Håvard Bjørndal


Menn 40+:

  1. Yngve Kiserud med tida 20:31 min
  2. Geir Storetvedt Skaten
  3. Helge Vestrheim


Her er fullstendig resultatliste:

Start 2 - ungdom

Konkurranse ungdom 12-15 år:

1) Julian Kahrs Guldbrandsen, Laksevåg 22:05.0, 2) Selmer Kripaitis-Nordbustad, Flatråker 27:26.1, 3) Lukas Aleksander Nesse, Tysnes 27:32.3, 4) Eirik Gaugstad Birkeland, Njardar/Tysnes 28:09.1, 5) Herman Lunde Klemmetsby, Njardar 31:03.1, 6) Eirik Omenaas Flaageng, Sædalen IL 32:16.9, 7) Olai Dalen Hagen, Njardar/Tysnes 33:08.4


Konkurranse ungdom 12-15 år:

1) Ingrid Omenaas Flaageng, Sædalen IL 38:41.6, 2) Astrid Aamoth, Oslo 45:21.3


Start 4 - Konkurranse menn

Konkurranse menn 16-39 år:

1) Tristan Kahrs Guldbrandsen, TIF Viking 19:15.3, 2) Jørgen Møklebust Austvik, IL Gneist 21:28.5, 3) Håvard Bjørndal, Hålandsdal IL 23:53.0, 4) Tore Mjønes, Multiconsult 26:06.3, 5) Magnus Firnes, Rosendal 26:22.4, 6) Håvard Sølvik, Larvik Ski 26:28.7, 7) Aksel Lande, Lundegrend 26:38.3, 8) Håvard Oen, Holmefjord 27:26.0, 9) Andreas Leirvik, Treungen IL 27:54.6, 10) Eirik Risan, Oslo 29:02.1, 11) Håvard Rekve Lian, Oslo 29:16.6, 12) Andreas Aamoth, Oslo 30:27.1, 13) Daniel Engevik, TWL 30:47.2, 14) Erling Poppe, Gjettum 32:01.8, 15) John Ipsen, Kleppestø 34:28.9, 16) Tiam Maurstad, Palo Alto 36:36.7, 17) Andreas Leite, Hundvåg 38:18.7


Konkurranse menn 40 +:

1) Yngve Kiserud, Bfg Bergen 20:31.2, 2) Geir Storetvedt Skaten, IL Gular 22:19.6, 3) Helge Vestrheim, Torangsvåg 23:12.2, 4) Øyvind O. Flaageng, Btc/Equinor BIL 25:35.5, 5) Børge Pedersen, Team Vågen 26:38.1, 6) Stian Maurstad, Holmestrand 26:59.5, 7) Oddmund Straume, Stanghelle IL 27:00.0, 8) Christer Haakon Førstmann Hantveit, Løp Sammen Askøy 27:06.0, 9) Morten Solberg Anfinsen, Sankthanshaugen Løpeklubb 28:04.0, 10) Dag Rist Aamoth, Oslo 28:22.2, 11) Andreas Risøy, Austevoll IK 28:25.8, 12) Egil Johannessen, Eikelandsosen 28:39.7, 13) Alex Cato Lunde, Børge Pedersen / Norconsult 29:16.6, 14) Endre Homlong, Team Anne Marit 29:57.9, 15) Christian Bianchi Strømme, Lundegrend 31:07.9, 16) Øyvind Engevik, Tysnes 31:18.9, 17) Kyrre Wiese, Team Luren 31:39.8, 18) Kjell Arne Eide, Alversund 32:08.3, 19) Hans Omenaas, Btc/Equinor 32:25.0, 20) Ole Sølvik, Larvik Ski 32:35.0, 21) Paul Landeråen, Equinor BIL 33:00.0, 22) Paul Sæle, Rådal 33:33.3, 23) Øyvind Atle Langedal, Team Vågen 37:40.9, 24) Finn Keller, Bergen 38:27.8, 25) Rolf Bøyum, OS 40:38.9, 26) Peder Omenaas, Btc/Starefossløperne 43:39.9, 27) Gjermund Lygre Kongsvik, Flatråker 46:03.9


Start 1 - mosjonist

Start 3 - Konkurranse kvinner

Konkurranse kvinner 16 - 39 år:

1) Guro Grenan-Grimstad, Bekkestua 25:34.4, 2) Hanne Sæle, Rådal 27:21.5, 3) Stine Hatteberg, Rosendal Løpeklubb 27:37.1, 4) Kari Bråtun, Uskedal IL 27:50.5, 5) Stine Rojas Tveita, Mosterhamn 29:20.1, 6) Ingvild Berlandstveit, Hålandsdal il 29:32.6, 7) Lilja Dyrset, Hemsedal 30:11.4, 8) Anna-Olea Fjeldet Sunde, Lundegrend 30:51.4, 9) Anna Gaugstad Birkeland, Tysnes 34:05.3, 10) Ane Vermedal, Tysnes 35:46.4, 11) Trine Halhjem, Team Anne Marit 1:11:14.3


Konkurranse kvinner 40+:

1) Randi Sølvik, Larvik Ski 31:15.3, 2) Ingeborg Sunde Møvik, Alversund 31:58.6, 3) Hege Sande, Nordstrøno 32:06.7, 4) Inger Lise Midtun, Team Anne Marit 32:19.1, 5) Randi Elin Bakke, Bergen 32:26.1, 6) Åshild Næss Sundøy, Team Anne Marit 34:18.3, 7) Anne Marit Skjeie, Team Anne Marit 36:22.2, 8) Silje Skromme Toft, Team Anne Marit 36:34.9, 9) Renate Storetvedt Lien, Team Luren 37:22.7, 10) Anette Blich, Bergen Løpeklubb 38:40.1, 11) Kristin Nikolaisen, Team Anne Marit 45:19.2, 12) Marianne Undheim, Bremnes 45:31.8, 13) Tone Helen Klever Mjånes, OS 57:00.1, 14) Tone Herland, Team Anne Marit 58:46.8


Tusen takk til sponsorar og samarbeidspartnarar:

Tysnes Kraftlag

Sparebanken Norge

Jæger Automobil

Enivest

Andersland Bygg

Skarvatun VVS

Eviny

Bergen Marinesenter

Haaland Tannklinikk

Tysnes Fysioterapi Maria Haaland

Mandelhuset

Haaheim Gaard

Lerøy Sjøtroll

BlikkDesign

Azets Norge

Bunnpris Lunde Landhandel

Coop Extra Våge

Spar Norge Våge

Malia

Byggfag Tysnes

Os Friidrett

Myrdal Gård


Alle som deltok på arrangementet var med i trekning av flotte premier sponsa av lokale bedrifter. Her er dei heldige vinnarane:

Boblebad mSpa sponsa av Bergen Marinesenter: Kyrre Wiese.

Festivalpass frå Tysnesfest: Silje Skromme Toft.

10 klipp SvingenPuls: Aksel Lande.

Gåvekort to pizza og to drikker Myrdal Gård: Celina Dale.

Gåvekort Røntgen og rens Haaland Tannklinikk: Invild Berlandstveit.

June 5, 2025
Trappeløp og konsert på Tysnessåta 753 moh.
By Marthe July 7, 2022
Ramnanuten Opp 2022
By Marthe July 27, 2021
Etter pause i 2019 var det endeleg klart for ny Ramnanuten Opp under årets Tysnesfest-isj. 64 spreke born stilte til start under barneløpet. Medalje og is venta ved målgang. I mosjonsklassen stilte 40 store og små til start og fekk ein fin tur til toppen i 20 grader, lettskya ver. I konkurranseklassane stilte 62 stk til start. Det var bløtt nokre stader, men likevel vart det ny løyperekord av Espen Roll Karlsen frå Gneist IL. Dette var eitt sekund raskare enn bestetida til Jørgen M. Austvik frå 2019. Pernilla Epland er endeleg skadefri og var suveren vinnar av dameklassen med tida 17:23. Vinnarar i dei ulike klassane: Jenter u/ 16 år: Juni Krogh: Tid 22:13 Gutar u/ 16 år: Oliver N. Fagerbakk: Tid 17:09 Damer: Pernilla Epland. Tid: 17:22 Herrer: Espen Roll Karlsen. Tid: 15:07 Trekning av gevinstar sponsa av det lokale næringslivet: - Gøy på landet. Fotball: August Dalland - Ivyelli. Lakrids by Bulow: Adele Syvertsen - Kines Hudpleie. Gåvekort: Ingrid Wergeland - Blikk Design. «Tysnes» thermoflaske: Ylva Helland - Spar Tysnes: Fenalår og kaffi: Mariann Dalland - Tysnes blomster og interiør. Thermo- m/ speiderkopp: Fredrik S. Andreassen - Mandelhuset. 3-retters middag for to: Karsten Wergeland Sørbye Takk til Onarheim idrettslag for tidtakingssystem, Tysnes Sparebank for startnummer, BKK for spons av buffer og flasker, og Coop Prix for is til borna i barneløpet. Men mest av alt takk til alle deltakarane. Me gler oss til Ramnanuten Opp 2022.
By Marthe G. Birkeland June 5, 2021
Lørdag 10. juni er det Ramnanuten Opp for heile familien! Påmelding til post@ svingenpuls.no
By Marthe G. Birkeland January 17, 2020
For 5. år på rad sparka me i gang Tysnesfest med Ramnanuten Opp onsdag 10. juli. Sol og 18-19 grader var perfekte forhold for ein fin dag i løypa. 83 deltakarar i barneløpet, 71 i konkurranseklassane og 52 i mosjonsklassen. Dette var god auke frå året før og me seier oss godt fornøgd med oppmøte. Jørgen Møklebust Austvik stakk av med seieren med ny løyperekord; 15:08. Erlend Gjerdevik Sørtveit (vinnar i 2018 og løyperekordhaldar) måtte sjå seg slått med tida 15:34. Tysnesingen Johan Løve Gjersvik med sterk 3. plass; 16:11. I dameklassen vann tysnesingen Marita Nygård med tida 20:26. Maren Bakken på sterke andre plass med tida 21:12, og Marianne Davanger på 3. plass; 22:46. Blant gutar u/ 16 år vann Oliver Fagerbakk med rå tid; 19:16. Mathias Bakke på 2. fekk tida 21:22 og Kristian Brenne på 3. med tida 22:00. Unge jenter viste styrke blant jenter u/ 16, og Anna Birkeland vann med tida 24:51. Henriette Bakke hakk i hæl på tida 25:18, og Bertine Landeraaen Hess med tida 27,44. Tusen takk til sponsorane våre som gjer det mogleg å arrangere løpet: • Lerøy Vest/Sjøtroll • Spar Tysnes • Accountor • Andersland Bygg AS • Tysnes Bygg AS • Tysnes Blomster og Interiør • Tysnes Kraftlag/BKK • Tysnes Breiband/BKK • Ivyelli • Tysnes Råd og Regnskap (Arr. Barneløp)
By Marthe G. Birkeland January 17, 2020
Ramnanuten Opp 2018 havna på ein nydeleg, varm sommardag. Dette gjorde nok at mange valgte stranda framfor fjellet denne dagen og deltakartalet gjekk noko ned frå året før. Varmt men ellers flotte forhold gjorde at det vart løyperekord både i dame- og herreklassen. Pernilla Epland vant dameklassen for 4. år på rad med tida 16:44. Erlend Gjerdevik Sørtveit debuterte i løpet med sterke 15:24. Nytt for året var eigne ungdomsklassar for gutar og jenter u/ 16 år. Ekstra kjekt å sjå desse i aksjon, flott innsats! Også i barneløpet t/r Tysnes Kyrkje var iveren stor, og det var mange stolte barn med velfortjent medalje og is etter målgang. Med 56 deltakarar i barneløpet, 38 i mosjonsklassen og 53 i konkurranseklassane seier me oss godt fornøgd med årets gjennomføring og gler oss til 2019! Tusen takk til dei gode sponsorane våre – utan dykk hadde det ikkje blitt Ramnanuten Opp! - Lerøy/Sjøtroll - Tysnes Bygg - Haaheim Gaard - Treco-Bil AS - Ivyelli - Tysnes Kraftlag - Spar Tysnes - Accountor - Tysnes Breiband - Andersland Bygg - Tysnes Blomster & Interiør
By Marthe G. Birkeland January 17, 2020
Til tross for varierande ver vart det ny rekorddeltaking i alle tre klassar under årets Ramnanuten Opp. På barneløpet stilte 75 born, i mosjonsklassen 86 stk og 70 deltakarar i konkurranseklassen. Klokka 13 gjekk starten for dei 75 håpefulle, 1000 meter tur/retur Tysnes kyrkje. I mål fekk alle velfortjent medalje og is. Klokka 1345 gjekk starten for mosjonistane utan tidtaking. Med 45 påmeldte i fjor vart det kjekt å sjå 86 blide deltakarar som tok turen til toppen av Ramnanuten. Sjølv på bløtt føre vart det løyperekord for både damer og herrer i konkurranseklassen. I dameklassen vann Pernilla Epland for tredje år på rad med den sterke tida 17,38, mot 18,14 i fjor. Jørgen Austvik vann herreklassen med den imponerande tida 15,38. Geir Storetvedt Skaten (3. plass) hadde løyperekord frå i fjor med tida 16,13. Me ynskjer å retta ei stor takk til gode hjelparar og sponsorar: Tysnes Sparebank for startnummer og skilt. Onarheim idrettslag for lån av tidtakarutstyr. Coop Prix for is til deltakarane i Barneløpet. Hovudsponsorane våre for økonomisk stønad. Uten dykk hadde me ikkje fått til arrangementet med deltakar T-skjorter og andre flotte premiar. - Accountor - Andersland Bygg - Haaheim Gaard - Optimera - Spar Tysnes - Svingen Møbler og interiør - Treco-Bil AS - Tysnes Breiband - Tysnes Bygg - Tysnes Kraftlag - Tysnes Blomster & Interiør Tusen takk! Me gler oss allereie til neste år :-)
By Marthe G. Birkeland January 17, 2020
Med 72 deltakarer i Barneløpet, 45 i mosjonsklassen og 60 i konkurranseklassen vart det ny deltakarrekord på Ramnanuten Opp 2016. Kl 1400 starta borna med løp løp på 1000 m t/r Tysnes kyrkje. I mål fekk dei velfortjente medaljer og is. Kl 1430 var det start hovudløp for alle som ikkje ville ha tidtaking. Kl 1530 starta konkurranseklassen. Vinnar i dameklassen vart Pernilla Epland med tida 18:14. Dette er stor forbetring frå eiga vinnartid frå i fjor på 20:31. I herreklassen vann Geir Storetvedt Skaten med tida 16:13. Vinnartida til Jørgen Austvik frå i fjor på 17:03 vart dermed slått med 50 sekund! Vinnarar av to festivalpass til Tysnesfest var Ina Tertnes og Andreas Brenne etter trekning. Takk til alle deltakarar og arrangørar for vel gjennomført arrangement. Hold av onsdagen under Tysnesfest neste år for Ramnanuten Opp 2017!
January 14, 2020
Flott turvær gjorde at mange fant vegen til SvingenPuls sitt arrangement onsdag 8. juli. Klokka 14:15 stod 68 born på startstreken og sprang barneløpet på ca 1000 m. I mål fekk alle medalje og is. Kl 15:00 var det fellesstart for hovudløpet med 83 registrerte personar over 12 år til start. Det var også familiar som gjekk turen med mindre born. Veldig kjekt at også desse fant vegen til toppen! Det vart Jørgen Austvik som vant herreklassen med den sterke tida 17:03, medan Pernilla Epland vann kvinneklassen med gode 20:31. Gratulerer! Sjå resultatliste for vidare plasseringar. To deltakararar vart trekt ut på startnummer og fekk kvart sitt gåvekort frå SvingenPuls. Dette var Bård Løne og Tonje Ryssgård. Tysnes Sparebank hadde eigen konkurranse der dei som utfordra bankmann Svein Erik Halhjem på Facebook vart med i trekninga av festivalpass til Tysnesfest. Her var dei heldige vinnarane Jørgen Austvik, Camilla Søreide Helland og Anita Økland Bakke. Tusen takk for god hjelp og bidrag frå alle frivillige, Tysnes Sparebank, Joker Uggdal, Onarheim Idrettslag, Nutramino, Marita Bakke/Tysnes Grafisk, Tysnesfest v/Haakon og Kåre, Spar Tysnes, Tiko, Haaheim Gaard, Tysnes Bygg, Andersland Bygg og Treco Bil. Og ikkje minst tusen takk til alle deltakarane, store og små. Håpar me sjåast igjen på Tysnesfest 2016!