Påmelding Såto Opp 2025

June 5, 2025

Trappeløp og konsert på Tysnessåta 753 moh.

Velkommen til Såto Opp - eit trappeløp opp Tysnessåta 753 moh. 

SvingenPuls, Venelaget Tysnessåta og Tysnesfest kickstartar Tysnesfestveka torsdag 10.juli med løp og konsert på Tysnessåta. Alle som kjem seg opp dei 1000 trappetrinna, 2 kilometer lange trasèen, og 500 høgdemetra frå start til mål - får i tillegg oppleve ein uforgløymeleg konsert med Jo Nesbø på fjelltoppen!

Løpet passar både mosjonistar, familiar ungdommar og proffe, og ein vil starte puljevis utifrå klassar. 

Alle deltakarar får teknisk t-skjorte og goodie-bag, og alle er også med i trekninga av ei rekkje flotte premiar sponsa av det lokale næringslivet. Det vil også bli premiering til 1-3.plass i konkurranseklassane. 


Meld deg på her: https://signup.eqtiming.com/arrangement/sato-opp-2025/g295.52278?event=svingenpuls


Klassar og prisar: (Tidspunkt for dei ulike klassane er satt med forbehold om endringer).


10.30 - Mosjonistklass (ikkje tidtaking). Kr. 200,-.
      Familiebillett kr. 500,- (inntil 6 familiemedlemmer).
11.15 - Konkurranseklasse ungdom 12-15 år. Kr. 200,-
11.45 - Konkurranseklasse damer 16-39 år og 40 +. Kr. 300,-
12.30 - Konkurranseklasse menn 16-39 år og 40 +. Kr. 300,-
14.00 - Konsert med Jo Nesbø og Lars Jones.


Dette er fyrste gang løpet blir arrangert, så her har du moglegheiten til å bli med på ein historisk begivenheit opp Tysnes sitt høgaste fjell - dette vil du få med deg!


Takk til Tysnes Kraftlag, Sparebanken Norge og lokale sponsorer som gjer arrangementet med løp og konsert mogleg! 



May 28, 2026
Såto Opp 2026
By Marita Bakke September 17, 2025
Såto Opp 2025 - for ein folkefest!