Resultater Ramnanuten Opp 2022

Marthe • Jul 07, 2022

Ramnanuten Opp 2022

Onsdag 6. juli gjekk var det tid for 7. gjennomføring av Ramnanuten Opp. Det var eit skikkeleg ruskavêr, som nok gjorde at fleire valgte å stå over årets løp. Likevel var det ein god gjeng sprekingar, både i barneløpet og som tok turen heilt til topps.

 

I barneløpet var det 60 spente born som stod på startstreken, og det såg ikkje ut til at regnet la nokon dempar på humøret. Imponerande innsats, og i mål venta medalje og is. Medaljane i år hadde blått og gult band, og alle inntektene (kr 3000) frå løpet er overført til Røde Kors si hjelp til krigsherja Ukraina.

 

Totalt i konkurranseklassen sprang 25 stk til topps, i tillegg til ein god gjeng i mosjonsklassen.

Resultatlista nedanfor.

Vinnar av festivalpass til Tysnesfest etter trekning – sponsa av Tysnes Sparebank:

  • Kati Poder
  • Arne J. Boge

 

Takk til sponsorane våre for årets løps t-skjorter:

  • Lerøy Sjøtroll
  • Vågen
  • Eviny Breiband
  • Mandelhuset
  • Skarvatun VVS
  • Tysnes Råd og regnskap
  • Windsor
  • Spar Tysnes
  • Accountor
  • Andersland Bygg
  • Tysnes Blomster og interiør

 

Takk til:

  • Tysnes Sparebank for startnummer og sponsing av festivalpass
  • Coop Extra for is til barneløpet
  • Onarheim idrettslag og tidtakar-utstyr

Og til kjekke hjelparar og sportye deltakarar!

By Marthe 27 Jul, 2021
Etter pause i 2019 var det endeleg klart for ny Ramnanuten Opp under årets Tysnesfest-isj. 64 spreke born stilte til start under barneløpet. Medalje og is venta ved målgang. I mosjonsklassen stilte 40 store og små til start og fekk ein fin tur til toppen i 20 grader, lettskya ver. I konkurranseklassane stilte 62 stk til start. Det var bløtt nokre stader, men likevel vart det ny løyperekord av Espen Roll Karlsen frå Gneist IL. Dette var eitt sekund raskare enn bestetida til Jørgen M. Austvik frå 2019. Pernilla Epland er endeleg skadefri og var suveren vinnar av dameklassen med tida 17:23. Vinnarar i dei ulike klassane: Jenter u/ 16 år: Juni Krogh: Tid 22:13 Gutar u/ 16 år: Oliver N. Fagerbakk: Tid 17:09 Damer: Pernilla Epland. Tid: 17:22 Herrer: Espen Roll Karlsen. Tid: 15:07 Trekning av gevinstar sponsa av det lokale næringslivet: - Gøy på landet. Fotball: August Dalland - Ivyelli. Lakrids by Bulow: Adele Syvertsen - Kines Hudpleie. Gåvekort: Ingrid Wergeland - Blikk Design. «Tysnes» thermoflaske: Ylva Helland - Spar Tysnes: Fenalår og kaffi: Mariann Dalland - Tysnes blomster og interiør. Thermo- m/ speiderkopp: Fredrik S. Andreassen - Mandelhuset. 3-retters middag for to: Karsten Wergeland Sørbye Takk til Onarheim idrettslag for tidtakingssystem, Tysnes Sparebank for startnummer, BKK for spons av buffer og flasker, og Coop Prix for is til borna i barneløpet. Men mest av alt takk til alle deltakarane. Me gler oss til Ramnanuten Opp 2022.
By Marthe G. Birkeland 05 Jun, 2021
Lørdag 10. juni er det Ramnanuten Opp for heile familien! Påmelding til post@ svingenpuls.no
By Marthe G. Birkeland 17 Jan, 2020
For 5. år på rad sparka me i gang Tysnesfest med Ramnanuten Opp onsdag 10. juli. Sol og 18-19 grader var perfekte forhold for ein fin dag i løypa. 83 deltakarar i barneløpet, 71 i konkurranseklassane og 52 i mosjonsklassen. Dette var god auke frå året før og me seier oss godt fornøgd med oppmøte. Jørgen Møklebust Austvik stakk av med seieren med ny løyperekord; 15:08. Erlend Gjerdevik Sørtveit (vinnar i 2018 og løyperekordhaldar) måtte sjå seg slått med tida 15:34. Tysnesingen Johan Løve Gjersvik med sterk 3. plass; 16:11. I dameklassen vann tysnesingen Marita Nygård med tida 20:26. Maren Bakken på sterke andre plass med tida 21:12, og Marianne Davanger på 3. plass; 22:46. Blant gutar u/ 16 år vann Oliver Fagerbakk med rå tid; 19:16. Mathias Bakke på 2. fekk tida 21:22 og Kristian Brenne på 3. med tida 22:00. Unge jenter viste styrke blant jenter u/ 16, og Anna Birkeland vann med tida 24:51. Henriette Bakke hakk i hæl på tida 25:18, og Bertine Landeraaen Hess med tida 27,44. Tusen takk til sponsorane våre som gjer det mogleg å arrangere løpet: • Lerøy Vest/Sjøtroll • Spar Tysnes • Accountor • Andersland Bygg AS • Tysnes Bygg AS • Tysnes Blomster og Interiør • Tysnes Kraftlag/BKK • Tysnes Breiband/BKK • Ivyelli • Tysnes Råd og Regnskap (Arr. Barneløp)
By Marthe G. Birkeland 17 Jan, 2020
Ramnanuten Opp 2018 havna på ein nydeleg, varm sommardag. Dette gjorde nok at mange valgte stranda framfor fjellet denne dagen og deltakartalet gjekk noko ned frå året før. Varmt men ellers flotte forhold gjorde at det vart løyperekord både i dame- og herreklassen. Pernilla Epland vant dameklassen for 4. år på rad med tida 16:44. Erlend Gjerdevik Sørtveit debuterte i løpet med sterke 15:24. Nytt for året var eigne ungdomsklassar for gutar og jenter u/ 16 år. Ekstra kjekt å sjå desse i aksjon, flott innsats! Også i barneløpet t/r Tysnes Kyrkje var iveren stor, og det var mange stolte barn med velfortjent medalje og is etter målgang. Med 56 deltakarar i barneløpet, 38 i mosjonsklassen og 53 i konkurranseklassane seier me oss godt fornøgd med årets gjennomføring og gler oss til 2019! Tusen takk til dei gode sponsorane våre – utan dykk hadde det ikkje blitt Ramnanuten Opp! - Lerøy/Sjøtroll - Tysnes Bygg - Haaheim Gaard - Treco-Bil AS - Ivyelli - Tysnes Kraftlag - Spar Tysnes - Accountor - Tysnes Breiband - Andersland Bygg - Tysnes Blomster & Interiør
By Marthe G. Birkeland 17 Jan, 2020
Til tross for varierande ver vart det ny rekorddeltaking i alle tre klassar under årets Ramnanuten Opp. På barneløpet stilte 75 born, i mosjonsklassen 86 stk og 70 deltakarar i konkurranseklassen. Klokka 13 gjekk starten for dei 75 håpefulle, 1000 meter tur/retur Tysnes kyrkje. I mål fekk alle velfortjent medalje og is. Klokka 1345 gjekk starten for mosjonistane utan tidtaking. Med 45 påmeldte i fjor vart det kjekt å sjå 86 blide deltakarar som tok turen til toppen av Ramnanuten. Sjølv på bløtt føre vart det løyperekord for både damer og herrer i konkurranseklassen. I dameklassen vann Pernilla Epland for tredje år på rad med den sterke tida 17,38, mot 18,14 i fjor. Jørgen Austvik vann herreklassen med den imponerande tida 15,38. Geir Storetvedt Skaten (3. plass) hadde løyperekord frå i fjor med tida 16,13. Me ynskjer å retta ei stor takk til gode hjelparar og sponsorar: Tysnes Sparebank for startnummer og skilt. Onarheim idrettslag for lån av tidtakarutstyr. Coop Prix for is til deltakarane i Barneløpet. Hovudsponsorane våre for økonomisk stønad. Uten dykk hadde me ikkje fått til arrangementet med deltakar T-skjorter og andre flotte premiar. - Accountor - Andersland Bygg - Haaheim Gaard - Optimera - Spar Tysnes - Svingen Møbler og interiør - Treco-Bil AS - Tysnes Breiband - Tysnes Bygg - Tysnes Kraftlag - Tysnes Blomster & Interiør Tusen takk! Me gler oss allereie til neste år :-)
By Marthe G. Birkeland 17 Jan, 2020
Med 72 deltakarer i Barneløpet, 45 i mosjonsklassen og 60 i konkurranseklassen vart det ny deltakarrekord på Ramnanuten Opp 2016. Kl 1400 starta borna med løp løp på 1000 m t/r Tysnes kyrkje. I mål fekk dei velfortjente medaljer og is. Kl 1430 var det start hovudløp for alle som ikkje ville ha tidtaking. Kl 1530 starta konkurranseklassen. Vinnar i dameklassen vart Pernilla Epland med tida 18:14. Dette er stor forbetring frå eiga vinnartid frå i fjor på 20:31. I herreklassen vann Geir Storetvedt Skaten med tida 16:13. Vinnartida til Jørgen Austvik frå i fjor på 17:03 vart dermed slått med 50 sekund! Vinnarar av to festivalpass til Tysnesfest var Ina Tertnes og Andreas Brenne etter trekning. Takk til alle deltakarar og arrangørar for vel gjennomført arrangement. Hold av onsdagen under Tysnesfest neste år for Ramnanuten Opp 2017!
14 Jan, 2020
Flott turvær gjorde at mange fant vegen til SvingenPuls sitt arrangement onsdag 8. juli. Klokka 14:15 stod 68 born på startstreken og sprang barneløpet på ca 1000 m. I mål fekk alle medalje og is. Kl 15:00 var det fellesstart for hovudløpet med 83 registrerte personar over 12 år til start. Det var også familiar som gjekk turen med mindre born. Veldig kjekt at også desse fant vegen til toppen! Det vart Jørgen Austvik som vant herreklassen med den sterke tida 17:03, medan Pernilla Epland vann kvinneklassen med gode 20:31. Gratulerer! Sjå resultatliste for vidare plasseringar. To deltakararar vart trekt ut på startnummer og fekk kvart sitt gåvekort frå SvingenPuls. Dette var Bård Løne og Tonje Ryssgård. Tysnes Sparebank hadde eigen konkurranse der dei som utfordra bankmann Svein Erik Halhjem på Facebook vart med i trekninga av festivalpass til Tysnesfest. Her var dei heldige vinnarane Jørgen Austvik, Camilla Søreide Helland og Anita Økland Bakke. Tusen takk for god hjelp og bidrag frå alle frivillige, Tysnes Sparebank, Joker Uggdal, Onarheim Idrettslag, Nutramino, Marita Bakke/Tysnes Grafisk, Tysnesfest v/Haakon og Kåre, Spar Tysnes, Tiko, Haaheim Gaard, Tysnes Bygg, Andersland Bygg og Treco Bil. Og ikkje minst tusen takk til alle deltakarane, store og små. Håpar me sjåast igjen på Tysnesfest 2016!
Share by: